AktueltGenerellVitenskap

Blind tro på opplysning

Gjesteinnlegg av Sigbjørn Sønnesyn, PhD i historie og tilknyttet Durham University. Publisert i Vårt Land 02.09.15 under tittelen «Ver ikkje redd, Solhjell!», og lagt ut her med tillatelse.

(Red: At dette også ser ut som et forsøk på å dekke kvoten av det vakre nynorske språket på denne bloggen, er et heldig sammentreff.)

Det kan med god grunn hevdast at ein treng mykje blind tru for å kunne hevde at det først etter 1650 vart akseptert at mennesket gjennom fornufta kunne finne sann kunnskap og sanne verdiar.

Bård Vegar Solhjell bør vere meir varsam med ukritisk å setje sin lit til opplysingsprosjektet som ein motpol til det som fanst tidlegare.

Det er ikkje rart at Bård Vegar Solhjell vert litt skremd av Michel Houellebecq sin roman Underkastelse – det er vel akkurat det Houellebecq ynskjer med boka. Gjennom måten Solhjell har gitt uttrykk for si uro har han blåst liv i den aldri heilt sløkte debattelden som brenn over temaet religionen si rolle i samfunnet i vår tid. Det er fint, sjølvsagt – men eg vil påstå at han har gjort debatten oppheita heller enn opplyst med utsegnene sine om opplysingstida som redninga frå religiøs tankeløyse og trusbasert kunnskapsfornekting. Dette har vore peika på av fleire, med Håvard Nyhus i spissen. Solhjell har kome med eit respektfullt og tydeleg tilsvar til kritikken, og eg ynskjer her å syne han den same respekten gjennom å halde fram med debatten han har starta.

Det som særleg skremmer Solhjell – og i dette er han nok ikkje åleine – er at Houellebecq står fram som erklært fiende av ideala frå opplysingstida. Solhjell ser opplysingstida som «det viktigste framskrittet Vesten har gjort det siste tusenåret. Opplysningstiden (ca 1650-1800) var ikke akkurat en tid, snarere en langvarig og sakte frigjøring fra religiøse forestillinger, men også inngrodd folketro og verdslige autoriteter.»Dei store tenkarane som dreiv denne prosessen framover skal ha vore djupt radikale i å leggje til grunn av mennesket er i stand til å finne ut av rett og gale, sant og usant sjølv. Dermed sette dei fornuft og vitskap fri frå nedarva førestillingar og tru.

Som Håvard Nyhus tidlegare har sagt, er ein slik påstand eit framifrå døme på akkurat den tenkemåten Solhjell set seg føre å kritisere. Ei slik oppfatting av opplysingstida står i mykje større gjeld til dei mytane opplysingsfilosofane har skapt om seg sjølve enn til det den menneskelege fatteevna er i stand til å kome fram til basert på etterretteleg kunnskap og fornuftsbasert analyse. La oss for all del forsvare menneskeleg fornuft og det å søkje etter sanning gjennom vitskaplege undersøkingar; men Solhjell svekkjer sin eigen posisjon og skaffar seg unødvendige motstandarar gjennom å setje opp eit kunstig skilje mellom opplysingsideala og religiøs tru.

Det kan med god grunn hevdast at ein treng mykje blind tru for å kunne hevde at det først etter 1650 vart akseptert at mennesket gjennom fornufta kunne finne sann kunnskap og sanne verdiar. Fornufta vart halden som ein uvurderleg verdi i antikken og mellomalderen også; det som skil opplysingsideala frå tidlegare tankesett er ynskje om å frigjere fornufta frå alle forankringar. Filosofihistorien etter 1650 gir ikkje noko godt grunnlag for å hevde at den frigjorte fornufta åleine kan vere eit fundament for ålmenngyldige prinsipp – det me har sett er vel snarare eit stadig større, og mindre oversiktleg, felt av gjensidig utelukkande filosofiske skular. Kanskje er det nettopp i forankringa i heile den menneskelege felleserfaringa, i felles ritual, verdiar, og førestillingar inkludert, at fornufta kan kome mest til sin rett?

Idéen om at opplysingstida førte med seg sigeren for vitskap mot trua som hadde rådd grunnen fram til då, er ein empirisk påstand, og kan difor etterprøvast ettervanlege standardar for vitskapleg kunnskap. Om dette hadde vore rett, ville ein kunne forvente at tida før opplysingstida ville vere fri for vitskaplege framskritt, medan tida etterpå ville syne at vitskaplege framskritt ikkje førekjem i dei enklavane i samfunnet som framleis tviheld på trua. Dette er beviseleg feil. Det enkle og velkjende faktumet at det var jesuittpateren George Lemaître som utvikla ‘Big Bang’-teorien i moderne tid syner at tru og vitskap kan fungere godt saman i den «opplyste» verda. Det som kanskje er mindre kjent, men ikkje mindre beviseleg, er at ein forsmak av ‘Big Bang’-teorien kan sporast tilbake til fleire hundreår før 1650. Den engelske teologiprofessoren Robert Grosseteste førte i 1220- og -30-åra til pennen ei rekkje vitskaplege traktatar der han mellom anna skildra korleis universet kan ha vorte til.

Eg er medlem av ei forskargruppe ved universiteta i Durham og Oxford som analyserer den vitskaplege produksjonen til Grosseteste frå eit tverrfagleg perspektiv. Professor Richard Bower, som er kosmolog ved Durham University, har rekonstruert dei matematiske linkingane som ligg til grunn for Grosseteste sitt resonnement, og ført desse utrekningane inn i dei modellane kosmologar no til dags brukar. Resultatet vert ein forklaringsmodell som er forbløffande lik ‘Big Bang’-modellen, og som heng saman reint matematisk. Grosseteste var ikkje hemmeleg vitskapsmann under dekkje av å vere teolog; tvert imot gjorde han desse undersøkingane som ein del av arbeidet med å forklare skapingsforteljingane i Bibelen. Han vart heller ikkje forfulgt av Kyrkja etter å ha offentleggjort funna sine; han vart i staden forfremma til Biskop av Lincoln, det største og rikaste bispedømet i England på den tida.

Grosseteste er eit framifrå døme på det vitskapshistorikarar er i ferd med å einast om; at mellomalderen var ei blomstringstid for vitskap, og eit grunnlag for heller enn ein kontrast til dei utviklingane ein ser i tida etter 1650. Der finst ei lang rekkje linkande døme, og rekkja berre veks etter kvart som fleire vitskapshistorikarar får augene opp for dei framstega den kristen mellomalderen sto for. Trua på at opplysingsideala er naudsynte for å drive vitskap er difor nettopp tru, og ikkje vitskapsbasert kunnskap. Så ver ikkje redd for religionane, Solhjell. Og ver kanskje meir varsam med ukritisk å setje din lit til opplysingsprosjektet som ein motpol til det som fanst tidlegare. Fornufta treng næringa frå trua på eit forståeleg univers, på varige og sanne verdiar, på menneskets evner til å erkjenne sanning – sjølv når denne trua er tufta på ein religiøs grunnmur.